Ålmenne føresegner.
§ 1. Føresegnene i denne lova gjeld berre så langt anna ikkje fylgjer av avtale
eller serlege rettshøve.
§ 2. Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til
skade eller ulempe på granneeigedom. Inn under ulempe går òg at noko må reknast for
farleg.
I avgjerda om noko er urimeleg eller uturvande, skal det
leggjast vekt på kva som er teknisk og økonomisk mogeleg å gjera for å hindra eller
avgrensa skaden eller ulempa.
I avgjerda om noko er urimeleg, skal det vidare leggjast
vekt på om det er venteleg etter tilhøva på staden og om det er verre enn det som plar
fylgja av vanlege bruks- eller driftsmåtar på slike stader.
Jamvel om noko er venteleg eller vanleg etter tredje stykket, kan
det reknast som urimeleg så langt som det fører til ei monaleg forverring av
brukstilhøva som berre eller i særleg grad råkar ein avgrensa krins av personar.
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 3. Er det ikkje nemnande om å gjera for
eigaren, må han ikkje ha tre som er til skade eller serleg ulempe for grannen, nærare
hus, hage, tun eller dyrka jord på granneeigedomen enn tredjeparten av trehøgda. Kongen
kan gjeva nærare føresegner om målingsmåten.
Hekk som er lågare enn 2 meter, er ikkje ulovleg etter
denne paragrafen. Hekk som lyt reknast for grannegjerde, går ikkje inn under denne lova.
Føresegnene i denne paragrafen gjev ikkje rett til å ha
ståande tre som grannen har krav på å få bort etter § 10, jfr. § 2.
§ 4. Ingen må byggja såleis at takdrop eller
snøras fell ned på granneeigedom til skade eller ulempe for grannen.
Dør og likeins vindauga eller annan gjennomsynleg opning i
vegg mot granne må ikkje vera nærare granneeigedomen enn 1,25 meter. Har veggopning som
nemnt serleg heimel, må grannen ikkje byggja nærare opninga enn 1,25 meter.
§ 5. Ingen må setja i verk graving, bygging,
sprenging eller liknande, utan å syta for turvande føregjerder mot utrasing, siging,
risting, steinsprut, lufttrykk og anna slikt på granneeigedom.
Grannevarsel og førehandsavgjerder.
§ 6. Når nokon vil gå i gang med planting, graving, bygging, industriverksemd
eller anna tiltak som kan verta til skade eller ulempe på granneeigedom, skal han varsla
grannen i rimeleg tid føreåt.
Er det ikke råd å finna den som skal varslast eller er
det uvisst kor mange som skal ha varsel, skal det lysast ut i minst eitt blad som er mykje
lest på staden. Same varslingsmåten kan nyttast når det av andre grunnar er vanskeleg
å få varsla grannen direkte på vanleg måte.
Grannevarsel er ikkje påkrevd når tiltaket har slik
oreigningsrett som nemnd i § 10 første stykket bokstav (b).
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 7. Spørsmål om korleis eit tiltak bør
setjast i verk, så det ikkje kjem i strid med denne lova, kan kvar av grannane få
avgjort føreåt med granneskjøn. Vil andre enn den som set tiltaket i verk, krevja slikt
skjøn, må det gjerast seinast 4 veker etter at han fekk varsel som nemnt i § 6. Kravet
om skjøn kan i alle høve avvisast når det ikkje har rimeleg grunn. Når skjøn er
kravt, må tiltaket ikkje setjast i verk utan serskilt samtykke av skjønet før endeleg
avgjerd ligg føre i skjønssaka.
Finn skjønet at tiltaket kjem i strid med denne
lova, set det forbod mot at tiltaket vert fremja når det er fare for at iverksettinga
kjem til å valda alvorleg skade på annan manns eigedom. Endå om det ikkje er slik fare,
skal det setjast forbod som nemnt, dersom det er klårt at tiltaket kjem i strid med lova.
Skjønet kan taka avgjerd om førehandstrygd for ansvar
etter § 9. Likeins kan det taka avgjerd om føregjerder etter § 5 og om skyldnad for
partane etter § 13.
Granneskjønn kan ikkje krevjast når tiltaket har slik
oreigningsrett som nemnt i § 10 første stykket bokstav (b).
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 8. Viser røynsla at vilkår eller pålegg i
avgjerd etter § 7 fyrste stykket er for strenge eller verkar annleis enn tenkt, kan eit
nytt granneskjøn taka dei bort eller lempa på dei for framtida.
Skadebot.
§ 9. Det økonomiske tapet nokon lid av skade eller
ulempe i strid med nokor føresegn i §§ 2-5 er den ansvarlege skyldig til å bøta,
anten han sjølv eller nokon han svarar for, har gjort seg skuldig i aktløyse eller
ikkje. Det gjeld og skade eller ulempe av tiltak som er fremja i samsvar med avgjerder
etter § 7, jf. § 8, eller av tiltak med slik oreigningsrett som nemnt i § 10 første
stykket bokstav (b) eller som er lovleg etter forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6.
Den ansvarlege sitt ansvar kan lempas etter reglane i
skadeerstatningslova § 5-2. Oppstår skade eller ulempe på fast eigedom eller ting, skal
det ved bruken av skadeerstatningslova § 5-2 takast omsyn til om eigedomen eller tingen
tåler særleg lite.
Når skadelidaren etter god granneskikk burde sagt frå
tidlegare, kan skadebotkravet falla bort eller skadebota setjast ned.
Denne paragrafen minkar ikkje den retten nokon har til
skadebot etter dei elles gjeldande rettsreglane. Endra
med lov 16 juni 1989 nr. 67.
Retting.
§ 10. Tilstand eller tilhøve som strider mot nokor
føresegn i §§ 2-5, har grannen krav på vert retta. Dette gjeld likevel ikkje:
(a) når tiltaket er fremja i samsvar med avgjerd etter
§ 7, jf. § 8,
(b) når det er gjort vedtak om eller gjeve samtykke til oreigning av grunn til tiltaket,
eller når slik
oreigningsrett fylgjer direkte av lova, eller
(c) så langt forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6 § 10 andre stykket gjer unntak frå
rettingsskyldnaden.
I tilfelle då rettinga kom til å valde så store utlegg
eller tap elles at det klårt stod i mishøve til gagnet, kan det gjerast unntak frå
rettingsskyldnaden når det ikkje er noko nemnande å leggja tiltakshavaren til last, på
det vilkår at grannen får vederlag som ikkje må setjast mindre enn skaden eller ulempa.
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 11. Hus eller anna byggverk som ulovleg står
såleis at noko av det er inne på granneeigedom, har grannen krav på vert bortteke eller
retta opp. I tilfelle då dette kom til å valda så store utlegg eller tap elles at det
klårt stod i mishøve til gagnet, og det ikkje er noko nemnande å leggja eigaren av
byggverket til last, kan det gjerast unnatak frå rettingsskyldnaden mot at grannen får
vederlag som ikkje må setjast mindre enn skaden eller ulempa.
Var byggverket frå fyrst av sett ulovleg inn
på granneeigedom, må vederlaget for rett til å ha det ståande til vanleg ikkje setjast
mindre enn vinninga av innpåbygginga.
Vert byggverket retta oppatt eller flytt eller
går det til grunne, fell retten over granneeigedomen bort.
§ 12. Tre, greiner, og røter som stikk inn på
granneeigedom og er nemnande til skade eller ulempe, har grannen rett til å kutta eller
skjera av etter grenselina og eigna til seg. For tre og greiner gjeld dette berre når
varsel er gjeve og dei så ikkje er borttekne innan rimeleg tid.
Denne føresegna gjeld ikkje for merketre og
heller ikkje der det er skog på begge sider av grenselina.
Eigedomar og anna som tòler serleg lite.
§ 13. Den som fremjar eit tiltak, er ikkje skyldig til å koste omframrådgjerder
som vert turvande av di byggverk eller anna på granneeigedom tòler mindre enn det som
elles lyt tòlast i grannehøve. Men når slike rådgjerder høver til å fremjast i
samband med tiltaket elles, skal han setja dei i verk, såframt han har visse for at
grannen ynskjer det og ber utlegga.
Når ein av partane skjønar at
omframrådgjerder er turvande, skal han varsla den andre utan tarvlaus dryging.
Rett til serlege åtgjerder på granneeigedom.
§ 14. Den som til lovleg bygging, vøling, graving, sprenging eller andre liknande
tiltak på eigen grunn eller til tryggingsåtgjerder for sin eigedom, lyt valda skade på
eller gjera seg mellombels bruk av granneeigedom, kan få rett til det mot vederlag, om
det ikkje verkar urimeleg og vinninga for honom er monaleg større enn den skaden det
valdar grannen.
Avgjerda høyrer under granneskjønn.
Føresegnene i § 16 tredje og fjerde stykket gjeld på tilsvarande måte.
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 15. Er byggverk eller anna til fare for
alvorleg skade på granneeigedom, kan grannen få syta for turvande tryggingsrådgjerder
på kostnaden til eigaren.
Avgjerda høyrer under granneskjøn.
Fastsetjing av skadebot og vederlag.
§ 16. Ved skade og ulempe skal erstatningen eller
vederlaget som hovudregel setjast til ein sum pengar ein gong for alltid (ein
eingongssum).
Ved personskade gjeld
skadeerstatningslova § 3-9 om terminvise ytingar. For annan skade, ulempe eller tap kan
retten fastsetja at erstatningen eller vederlaget heilt eller delvis skal svarast i
terminvise ytingar dersom:
- (a) det er uvisst kor lenge tidsavgrensa verksemd vil
føre til skade, ulempe eller tap, eller
- (b) det er grunn til å rekna med at skaden, ulempa eller
tapet innan rimeleg tid vil verta vesentleg redusert.
Retten
kan og fastsetja terminvise erstatningar eller vederlag som skal gjelda inntil vidare
dersom det er uvisst kva for omfang skaden, ulempa eller tapet vil få, og retten difor
gjer vedtak om å venta ei bestemt tid med å fastsetja den endelege erstatningen. Kvar av
partane kan likevel krevja at retten med ein gong målar ut erstatning eller vederlag for
det tap som let seg gjera å fastslå med det same.
Retten fastset korleis terminvise beløp
skal reknast og kor lenge ytingane skal betalast. Kvar av partane kan krevja at terminvis
erstatning eller vederlag etter andre stykket i bokstav (a) og (b) skal prøvast på nytt
når det er gått minst 5 år sidan siste fastsetjing. Retten kan fastsetja at det skal
stillast sikkerhet for terminvis erstatning eller vederlag og kva slag trygd som er
naudsynt.
Eigedomen eller tiltaket som det gjeld
etter andre stykket bokstav (a) og (b) er dertil pant for erstatningen eller vederlaget.
Når avgjerda er endeleg, skal rettsformannen tinglysa opplysning om erstatningsskyldnaden
eller vederlagsskyldnaden og panteretten. Eigaren ber tinglysingskostnaden.
Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.
§ 17. (Opphevd med lov 16 juni 1989 nr. 67, sjå
no § 16.)
Granneskjøn.
§ 18. Granneskjøn er rettsleg skjøn.
Endra med lov 26 jan 1973 nr. 3.
Løyvetvang og føresegner for luftforurensing.
Endra med lov 31 mai 1974 nr. 18.
§§ 19-23f. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
Ikraftsetjing og overgangsføresegner.
§ 24. 1. Denne lova gjeld frå den tid Kongen
fastset.
2. Frå den tid denne lova tek til å
gjelda vert det gjort desse brigde i andre lover:
-----
Føresegna i § 10, andre stykket fyrste
punktum, gjeld på tilsvarande måte for tiltak som er fremja i samsvar med granneskjøn
etter §§ 13 og 14 i grannelova frå 27. mai 1887.
5. Kongen kan gjeva nærare føresegner
til gjennomføring av denne lova.
Endra med lov 13 mars 1981 nr. 6. |