ANLEGGSGARTNAR- DAGANE 2003

VEGETASJONSETABLERING
tre
buskar
stauder
gras
Pærebrannsituasjonen
på vestlandet

ULVIK  - 13. – 14. FEBRUAR
GRØNT KOMPETANSESENTER
HJELTNES GARTNARSKULE

NAML – REGION VEST

Om kurset :
Tradisjonen tru møtest me til lunsj på Hjeltnes gartnarskule torsdag. Gode og mette tar me turen rundt fjorden til Brakanes kurs – og konferansesenter der resten av kurset skal vera. Som i fjor har me avtale med Brakanes Hotell om overnatting.

Overnatting tingar du sjølv direkte med hotellet.
Hugs å gjera opp med hotellet før du reiser fredag.

Det faglege:
Temaet i år er vegetasjonsetablering av tre, buskar, stauder og gras. Eit tema mange har ynskt seg. Det er såpass stort at me har valt å  ha to grøne dagar i år.
Den fyrste dagen skal me lære om kva som skal til for å lukkast med tre, buskar og stauder. Me skal innom alt frå sortiment, rett plantekvalitet til plantearbeid og informasjon om E – plantsystemet.
Pærebrann er ein farleg bakteriesjukdom som nå er påvist i Hordaland. Planteinspeksjonen vil informera om kva konsekvensar dette har for oss.
Den andre dagen skal me ta for oss gras. Me skal innom mange emne som grasartar, vekstvilkår, gjødsling, grasfrøblandingar, maskiner og bruk av ferdiggras kontra direkte såing.
Me ynskjer gamle og nye kursdeltakarar velkomne til to innhaldsrike dagar i Ulvik.

Torsdag 13. februar - Etablering av tre, buskar og stauder

Kl 11.00 Lunsj på Hjeltnes gartnarskule
Kl 12.00

Registrering og opning på Brakanes kurs- og konferansesenter

Kl 12.15

Etablering av buskar og tre i anlegg v/ Jorun Hovind og Torhild Kvingedal
- vurdering av plantekvalitet ved mottak
- Norsk Standard
- kva eigenskaper skal ein leggja vekt på ved planter til anlegg
- E - planter
- sortiment for anlegg på Vestlandet
- kvalitet på vekstmedium
- plantearbeid

kl 15.15   Kaffipause
kl 15.45 

Pærebrannsituasjonen på Vestlandet
v/ Anna-Elisabeth Mohn

kl 16.15

Etablering av stauder i anlegg
v/ Torunn Hovland Ljone

kl 17.30   Oppsummering
kl 19.30 Middag og sosialt samvær på Brakanes Hotell

Fredag 14. februar - Etablering av plenareal

kl 09.00 Etablering av plenareal v/ Morten Eirik Engelsjord og Johnny Trandem
- kjenneteikn for ulike grassartar
- val av grasfrø/ frøblandingar
- vekstmassar
- jordarbeiding
- etableringsmåtar
- vekstvilkår
- ferdiggras
- vedlikehald i etableringsfasen
kl 10.30 Kaffipause
kl 11.00 Framhald etablering plenareal
kl 12.00 Lunsj på Brakanes Hotell
kl 13.00 Framhald etablering av plenareal
kl 14.00 Maskiner til etablering av plenareal v/ Frode Sten
kl 14.30 Avslutting og vel heim

Føredragshaldarar:
Jorun Hovind
– Hagebrukskandidat, eige firma Rådgivning grøntanlegg i Sørum
Torhild Kvingedal – Hagebrukskandidat, Vestplant i Valevåg
Anna-Elisabeth Mohn – Planteinspektør i Mattilsynet i Bergen
Torunn Hovland Ljone – eige firma Ljono Stauder i Ulvik
Morten Eirik Engelsjord  Planteforsk i Ås
Johnny Trandem – Østfold GressA/S i Rygge
Frode Sten – BS Maskin i Førde

Kursavgift (inkl. lunsj torsd.) kr   1500,-
Kursavgift lærlingar (inkl. lunsj torsd) kr   1050,-
Kursavgift for 1 dag (inkl. lunsj) kr   1050,-

Rekning på kursavgift vert sendt deltakarane etter kurset. Ved avbestilling seinare enn fredag 7. februar  eller ved manglande frammøte må kursavgifta betalast.

Påmelding innan  fredag 7. februar til Grønt kompetansesenter
Hjeltnes gartnarskule , 5730 Ulvik
Tlf. 56538800          Faks 56538801
E-post   post@gront-kompetansesenter.no

Ting overnatting direkte med Brakanes Hotell tlf. 56 52 61 05.
Prisar for kursdeltakarar:

Enkelt rom (fullpensjon) Kr 975,-
Dobbeltrom (fullpensjon) pr. pers. Kr 815,-

Middag torsdag for dei som ikkje bur på hotellet

Kr 815,-

Overnatting og middag skal gjerast opp direkte med hotellet